Love Hurts

Love Hurts
Song av The Everly Brothers
frå albumet A Date with The Everly Brothers
Utgjeve 1961
Innspelt Juli 1960
Sjanger Country
Lengd 2:22
Selskap Warner Bros.
Komponist Boudleaux Bryant
Tekstforfattar Boudleaux Bryant
Låtskrivar(ar) Boudleaux Bryant

«Love Hurts» er ein song skriven av Boudleaux Bryant. Han vart først spelt inn av The Everly Brothers i juli 1960, men vart særs kjend i 1975 då han vart ein internasjonal hit med hardrockbandet Nazareth og med Jim Capaldi same året.

Songen vart introdusert i desember 1960 på albumet A Date with The Everly Brothers, men vart ikkje gjeven ut på singel av dei. Den første hitversjonen av songen hadde Roy Orbison, som fekk songen spelt på australsk radio og nådde topp 5 på den australske countrysong-lista i 1961. Ei innspeling av Emmylou Harris og Gram Parsons vart gjeven ut på det posthume albumet til Parsons, Grievous Angel. Etter Parsons døydde i 1973 brukte Harris å spele songen fast på konsertane sine. Harris har sidan spelt inn songen to gonger.

Den mest suksessrike innspelinga av songen vart gjort av hardrockbandet Nazareth, som nådde topp 10 med songen i USA i 1975 og toppen av singellistene i Noreg og Nederland. I Storbritannia vart den mest suksessrike versjonen av songen spelt inn av det tidlegare Traffic-medlemmet Jim Capaldi, som nådde fjerdeplassen på singellista der i november 1975. Songen vart òg spelt av Cher i 1975 for albumet Stars. Cher spelte inn songen på ny i 1991 for albumet hennar med same namn. Rod Stewart spelte inn songen i 2006 for albumet Still the Same... Great Rock Classics of Our Time som låg på toppen av albumlista Billboard 200.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy